Tester varslingsanlegga

Åkerneset: Beredskapsinstrument på Åkerneset. Arkivfoto  Foto: Åknes/Tafjord Beredskap IKS

New Articles

Åknes/Tafjord Beredskap IKS fortel i ei pressemelding at det snart er klart for testing av varslingsanlegga i Stranda, Fjord og delar av Sykkylven.

Testinga vil føregå fredag 15. mai mellom klokka 12 og klokka 14.

Alle innbyggarar som er registrert busett i ein kommune rundt Storfjorden vil i tillegg få ei tekstmelding eller oppringing i samband med testinga.

- Vi vil presisere at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjellet, og oppmodar om å informere barna om denne testen på førehand, skriv selskapet.

- Det er mogleg å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking på vår heimeside, skriv selskapet.