Stranda får støtte til landstraum

  Foto: Arkivfoto: Johan Behrentz

New Articles

Fleire hamner på Vestlandet får stønad frå Enova til å byrje planlegging av landstraumanlegg. Blant dei som får stønad er Stranda Hamnevesen og Nordfjord Hamn.

– Over tid skal det løne seg å selje straum til skip, og forprosjekt kan gi betre avgjerdsgrunnlag for å kunne bygge landstraumanlegg som blir lønsame i drift, seier adm.dir. Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding gitt att av Nett.no.

Totalt er det 18 prosjekt som har fått stønad i denne første runda med planleggingsstøtte. Stranda Hamnevesen er tildelt 480.000 kroner, medan Nordfjord Hamn får 400.500 kroner.

– Forprosjekta vil avklare spørsmål som kven som faktisk skal bruke anlegget, kor mykje straum som trengst og om det er tilstrekkeleg kapasitet i nettet, seier Nakstad.