Nytt tilbod frå Møre og Romsdal fylkeskommune

E-bøker og lydbøker gratis i lomma

illustrasjonsfoto  Foto: Tetiana Vitsenko/Colourbox

New Articles

Møre og Romsdal fylkeskommune fortel i ei pressemelding onsdag at ein frå 25. mai må bruke appen BookBites for å lese e-bøker frå biblioteka.

BookBites kjem som erstatting for eBokBib, som har vore i bruk fram til no.

- Gjennom den nye appen får brukarar med nasjonalt lånekort tilgang til den felles digitale boksamlinga i fylket. Det gjeld både e-bøker og lydbøker, skriv fylket i ei pressemelding.

Appen kan lastast ned både til mobil og til nettbrett.

- Det første du møter i appen er bokhyller med forslag til bøker du kan lese etter lytte til. Om du treng hjelp, så tek du kontakt med det lokale biblioteket. Dei vil hjelpe deg, seier rådgjevar One Marthe Vik i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Under kvar bok står det no kva som er forventa lesetid for boka.

Appen er tilgjengeleg i App Store og i Google Play.