Vil ha fleire bubilar

Turistferja halverer prisar

The Fjords halverer prisane på bubilar når turistferja "Veøy" startar opp 12. juni. Talet på passasjerar blir halvert på grunn av tiltak mot korona-smitte.

Det private selskapet The Fjords trur ikkje betalingsviljen hos nordmenn er like stor som hos utanlandske turistar, og reduserer prisen på campingbilar med opp til 50 prosent i sommar. 12. juni startar ruta, meir enn to månader forseinka.  Foto: Stine Bjørdal

New Articles

-Vi gler oss til sesongstarten, og vi veit at veit at mange nordmenn vil leige seg bubil for å feriere i eiget land i sommar. Vi vil difor tilby familiepakkar med bubil til prisar som er meir lik det ein betalar for personbilar. Det tyder at prisane for bubil blir opp til det halve av vanleg pris, seier Sandra Nekkøy, som er kommersiell leiar i The Fjords.