Foreslår ekstra midlar

Fylkeskommunen vil utvikle Geiranger

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik foreslår å etablere ei treårig prosjektleiarstilling som mellom anna skal ta initiativ til å utvikle Geiranger som verdsarvområde.

Fylkeskommunedirektøren foreslår at det blir oppretta ei prosjektleiarstilling i tre år for må koordinere tiltak og bidra til utvikling og omstilling av Geiranger med omkringliggjande verdsarvområde.  Foto: Anniken Westad

New Articles

Det blir årleg sett av ein mill. kroner til stillinga, som blir knytt til Kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. I tillegg ønsker direktøren å setje av to mill. kroner årleg i tre år til utvikling og omstilling i Geiranger og omkringliggjande område. Samla sett blir dette ni mill. kroner i åra 2021 til 2023.