Sunnmørsposten kjøper Sykkylvsbladet

Sunnmørsposten har i dag kjøpt 100 prosent av aksjane i Sykkylven Media AS, som utgir Sykkylsbladet. Frå venstre marknadssjef Aage Eikrem, direktør lokale mediehus i Sunnmørsposten, Lidvar Flydal og redaktør og dagleg leiar Frank Kjøde 

New Articles

Sunmørsposten har inngått avtale om å kjøpe alle aksjane i Sykkylven Media AS, som gir ut Sykkylvsbladet i Sykkylven.

Dette fortel styreleiar for lokale mediehus i Sunnmørsposten, Lidvar Flydal, i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

- Vi byrja i Sykkylvsbladet i 1982, og når vi no har nådd pensjonsalderen fann vi det rett å overlate avisverksemda til ein annan aktør, seier redaktør og dagleg leiar Frank Kjøde og marknadssjef Åge Eikrem.

Dei held fram i sine stillingar enno ei stund framover.

- Med dei nye eigarane har vi ei felles måletting om å vidareutvikle Sykkylvsbladet sin posisjon, og vi ser med spesiell forventning fram til at lokalavisa skal gi nye digitale tilbod til både lesarar og annonsørar, seier Kjøde.

Sykkylsbladet har eit opplag på omlag 2.500, og vart skipa i 1946.