Forlengar avtalen

Framleis bank i butikk

Posten sin bankavtale med DNB blir forlenga, noko som òg gjer at ein kan få gjort banktenester på Post i butikk og på postkontor fram til 1. september.  Foto: Kallestad, Gorm

New Articles

Avtalen mellom Posten og DNB gjekk opphaveleg ut i dag, 30. juni, men no har partane kome fram til semje om å forlenge moglegheita for banktenester i butikk og på postkontor fram til 1. september.

Dette skriv Posten i ei pressemelding tysdag.

Alle banktenester med unntak av valuta og giro-innbetalingar blir vidareført i Posten sitt nett fram til september.

- Grunnen til at avtalen blir forlenga, er av omsyn til personar som vil få problem med å få utført enkle banktenester om dei ikkje kan få gjort dette på Posten, skriv Posten i pressemeldinga.