Nest varmast på 120 år

Varm og tørr juni

Månadstemperaturen for heile landet låg 3,2 grader over normalen i juni.

Juni månad var både varm og tørr. Eit svalkande bad var noko mange valde å ta. 

New Articles

Berre i 1953 har det vore varmare enn junimånad i år. Fleire stadar i landet vart det sett varmerekordar i løpet av månaden. I Tafjord vart det 27. juni målt 31,8 varmegrader. Så varmt har det ikkje vore i juni sidan 1966 då høgste temperaturen som var målt var 31,6 grader.