Sunnylven omsorgsenter

- Sprikande meiningar om uteplass

-Det har vore mange tankar omkring uteområdet ved Sunnylven omsorgsenter. For å kome vidare må ein vere samde om kva ein går for.

Rådmann Åse Elin Hole i Stranda skisserer problemstillingane omkring uteområdet ved Sunnylven omsorgsenter.  Foto: Johan Behrentz

New Articles

Det seier rådmann Åse Elin Hole til Sunnmøringen. Ho har bede kommunalsjefen om å ta initiativ til å avklare alle formelle krav omkring utbygging av uteområdet. Det gjeld til dømes konsekvensar av arealplanen, reguleringsplanen, eigendomstilhøve og eventuell rasfare frå berget på sørsida av omsorgsenteret. Når det er avklart, kan ein vurdere kva som er praktisk mogleg å få til, meiner ho.