Fylkeskommunen og Fylkesmannen med samarbeid

Går saman om å hjelpe sjøauren

  Foto: Arkivfoto

New Articles

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil samarbeide med lag og foreiningar om ei omfattande kartlegging av leveområda til sjøauren.

Ein rapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning frå 2019 viser at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane (no Vestland) er dei fylka med dårlegast tilstand for sjøaurebestanden, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Berre 1 av 60 bestandar i Møre og Romsdal vart vurdert å ha god tilstand.

Saman med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, inviterer fylkeskommunen til samarbeid med NJFF Møre og Romsdal, elveeigarlag og foreiningar til dugnad for å kartfeste leveområda til sjøauren i vassdraga.

Det er vidareutvikla eit kartleggingsverktøy som skal brukast til registreringa. Resultata blir lagt ut i ein open kartdatabase som kan brukast i forvaltning av sjøaurebekkar og kommunal arealplanlegging.