Straumen blir stengd utan automatisk straummålar

Illustrasjonsfoto 

New Articles

Mørenett AS har sendt ut stengevarsel til åtti kundar som nektar å få installert automatisk straummålar, skriv selskapet i ei pressemelding.

- I tillegg har vi 617 kundar vi ikkje kjem i kontakt med. Desse vil få stengevarsel om ikkje så lenge. Bakgrunnen for varselet er NVE sitt krav om at alle straumkundar i Noreg skulle ha automatisk straummålar frå 1. januar i fjor, seier administrerande direktør i Mørenett Rune Kiperberg.