Tilrår å seie nei til tilskott

Formannskapet i Stranda kommune.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

New Articles

Slogen Mat AS i Fausadalen har søkt Stranda kommune om tilskott på 173 000 kroner for å knytte seg til Stranda Energi sitt distribusjonsnett.

Rådmannen tilrår at formannskapet, som har saka til handsaming i dag måndag, seier nei til tilskott. Om formannskapet seier nei, blir dette tilrådinga til kommunestyret som tek endeleg avgjerd i saka.

- Rådmannen er prinsipielt klar på at ein ikkje kan nytte frie inntekter i Stranda kommune til denne typen tilskott. Om kommunen skal gi tilskott til dette, må det bli finansiert av disposisjonsfondet, skriv rådmannen i tilrådinga.

Rådmannen viser til dei vedtekne finansielle måltalla for kommunen sin økonomiforvaltning, der storleiken på disposisjonsfondet no er langt unna målet om 10 prosent av driftsinntekter.

- På prinsipielt grunnlag innstiller rådmannen på avslag om tilskott til nettilknytting til Slogen Mat. Når ein i tillegg ser på den økonomiske situasjonen til Stranda kommune, er dette i seg sjølv grunn til ikkje gi tilskott til dette tiltaket, skriv rådmannen.