Eitt innspel til framtidige kollektivruter

Foto: Arkiv  Foto: Møre og Romsdal fylke

New Articles

Geiranger Fjordservice AS var einaste aktør som kom med konkrete innspel til ruteendringsprosessen 2021, som Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennomføre.

Høyringsfristen gjekk ut 11. august.

I høyringssvaret skriv dagleg leiar i Geiranger Fjordservice AS, Helle Firhøj Jensen, at Geiranger igjen må få på plass busskorrespondanse mellom Geiranger og Langvatn.

- Det er ein viktig korrespondanse mellom aust og vest, skriv ho.

Jensen etterlyser samtidig fleire bussar mot Ålesund, og påpeiker at det på laurdagar ikkje er bussar som kjem inn eller går ut av Geiranger. Ho foreslår samtidig bussrute til Åndalsnes om Trollstigen, som korresponderer med toget.

- Den må aukast til å gjelde ein større periode enn berre i fellesferien, skriv ho.