Vil gi breidbandtilskott til Geiranger og Fausadalen

Geiranger.  Foto: Arkivfoto: Johan Behrentz

New Articles

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har tysdag til handsaming fordeling av tilskott for breidbandsutbygging i fylket for 2020.

Totalt er det 37 479 611 kroner i potten for breidbandstilskott, som skal fordelast på kommunane i Møre og Romsdal.

Dei to områda i Stranda kommune som er prioriterte i framlegget til vedtak i fylkeskommunen, er Geiranger og Fausadalen. Fylkeskommunaldirektøren tilrår her at det blir gitt vel 1, 3 millionar kroner i tilskott, noko som utgjer 22 prosent av den samla kostnaden for utbygginga.

Tilskottet gjeld til saman 94 husstandar og bedrifter i Geiranger og Fausadalen.

Formålet med tilskottet er å sikre utbygging i område kommersielle aktørar ikkje finn lønnsomme å bygge ut, og som i dag berre har tilbod om breiband på 30 Mb/s eller mindre. Minst 25 prosent av den samla kostnaden skal dekkjast av lokale bidrag, anten kommunalt tilskott eller dugnad.

Møre og Romsdal er framleis blant dei fylka i Noreg som har dårlegast breidbandsdekning med høg kapasitet.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har sett følgande mål for utbygging av breiband:

– Innan 2022 skal minst 90 prosent av husstandar og bedrifter i fylket ha tilgang til breidbandskapasitet på minst 100 Mb/s.

– Innan 2025 skal alle husstandar og bedrifter i fylket som ønsker minst 100 Mb/s i kapasitet ha dette til fast og føreseieleg kostnad.

– Alle husstandar og bedrifter i fylket skal som minimum ha tilgang til minimumskapasitet på breiband jamfør nasjonal leveringsplikt for breiband, som er planlagd gjennomført frå 2025.

– Alle offentlege arbeidsplassar i fylket skal innan 2025 ha breiband som kan tilby gigabit-kapasitet.

– Det skal vere god mobildekning både innandørs og utandørs i heile fylket der folk bur, arbeidar og ferdast.

– Digital infrastruktur skal vere robust i heile fylket, og skal prioriterast på lik linje med annan infrastruktur i fylket.

– Alle kommunane i fylket bør ha kommunal strategi for breidbandsutbygging.