Halvparten av dei som tek jegerprøven kjem seg aldri på jakt

New Articles

Berre halvparten av dei som tek jegerprøven kvart år kjem seg ut på jakt. Det vil Norges Jeger- og Fiskerforbund gjere noko med.

I haust får ferske jegerar tilbod om introjakt på 450 stader over heile landet.

– Vi er eit lag som allereie har skote eit reinsdyr under årets jakt. No gler vi oss til å dele unike naturopplevingar knytt til villreinjakt med ferske jegerar som aldri har vore på denne typen jakt før, seier fylkessekretær Olav Schrøder i NJFF-Aust Ager til Nationen.

Han seier avstanden frå å bestå jaktprøven til å faktisk reise ut på jakt er stor for mange. I perioden 2019/20 viser SSB at 11.728 personar bestod jaktprøven. Langt frå like mange kom seg ut på jakt.

– Dessverre er det nok ikkje så enkelt for alle. Det viser seg at det berre er rundt halvparten av dei ferske jegerane som kjem seg ut på jakt. Mykje av årsaka ligg i ein følelse av at terskelen mellom den teoretiske eksamenen og det å faktisk ta med seg våpenet ut på jakt, blir for høg, seier Schrøder.

Han legg til at dette vil NJFF gjere noko med, når dei no etablerer tilbod om introjakt i alle fylka i landet.