Fylkestinget går digitalt - avlyser i Geiranger

Fylkestinget har lagt sitt konstitueringsmøte til Geiranger.  Foto: Elin Sofie Lorvik

New Articles

Fylkesordførar Tove-Lise Tove (Ap) skriv i ei pressemelding tysdag ettermiddag at det er smittesituasjonen i fylket som er grunnen.

- Vi har no fleire pågåande utbrot av smitte i fylket, og det er klart ein stigande trend med 62 stadfesta tilfelle dei siste 14 dagane med Molde og Kristiansund som dei mest omfattande. Vi ser òg at det er fleire tilfelle i andre kommunar, seier Torve.

Torve peiker på at fleire av representantane på fylkestinget har kritiske funksjonar i eigen kommune - deriblant Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).

- Med omfanget av smitte som er i dag, er det ikkje usannsynleg at fleire smittetilfelle vil dukke opp i tida framover. Vi skal dessutan samle representantar frå heile fylket og over fleire dagar, og det er ein risiko vi verken kan eller vil ta slik situasjonen er no, seier Torve.

Fylkestinget vil dermed bli strøyma digitalt via fylket sine heimesider. Fylkestinget går føre seg måndag og tysdag neste veke, og blant sakene som skal handsamast er økonomirapporten for andre tertial 2020.