Fylket lanserer ny billettløysing

Foto: Arkiv  Foto: Møre og Romsdal fylke

New Articles

Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer frå onsdag 7. oktober ei løysing dei kallar for "koronabiletten". Denne billetten er for reisande som ikkje har moglegheit til å betale på bussen med mobil, skriv fylket i ei pressemelding tysdag.

Denne billetten er då ein verdikupong, som du kan kjøpe på trafikkterminalane i Molde, Kristiansund og på Moa. I tillegg kan du få billetten sendt i posten med faktura om du kontaktar kundesenteret til Fram.

– Vi ønsker å møte innspela vi fekk sist gong framdørene var stengde. For oss er det viktig at alle kundane våre har tilgang til å kjøpe gyldig billett. Med koronabilletten unngår vi at vi kjem opp i ein situasjon der enkelte av kundane våre ikkje har moglegheit til å få betalt på bussen, seier seksjonsleiar Konrad Lillevevang i Fram.

Koronabilletten består av fleire verdifelt med ulik kroneverdi, der ein sjølv registrerer reisekostnaden. Registreringa skjer ved at kundane skriv inn dato og klokkeslett for reisa tilsvarande prisen for reisa.

Ein kan elles betale via Fram-appen og via SMS for bussreiser i fylket.