Næringslivet fortvilar over momsauke frå regjeringa

Geiranger sett frå Flydalsjuvet.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

New Articles

I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa auke momsen for reiseliv, kulturliv, idrett og underhaldningsparkar frå seks til tolv prosent. Næringane fortvilar og seier krisa langt frå er over.

– Vi har rett og slett ikkje ei krone å gi. Vi hadde håpa regjeringa tok høgde for at næringa ligg med broten rygg, seier Tone Rønning Vike, som saman med ektemannen driv hotell i Aurland i Sogn, til NRK.

Så langt meiner Vike dei har tapt kring 5 millionar kroner.

– Vi hadde håpa at momsen skulle halde seg på 6 prosent, at kompensasjonsordninga skulle halde fram som ho er, og at permitteringsordninga kan utvidast, seier Tone Rønning Vike.

Kompensasjonsordninga er kutta frå 1,5 milliardar kroner dei siste fire månadane til 680 millionar kroner i forslaget for 2021.

Også reiselivsorganisasjonane fortvilar.

– Skuffande og veldig alvorleg. Krisa i reiselivet er ikkje over etter jul, seier administrerande direktør for NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, til statskanalen.