Vinterføre i høgda

FV63 Stengt

Det siste døgnet har kong vinter lagt seg over landet. Det fører til stengte vegar.
New Articles

Vegtrafikksentralen midt melder på Twitter at Fv63, Geiranger – Langvatn er stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.

Også Trollstigen på Fv 63 er stengt grunna uvêr.

Stengingane gjeld inntil vidare.

Utforkøyringar

Politiet i Møre og Romsdal melder på Twitter at dei i løpet av natta og morgonen har teke imot fleire meldingar om utforkøyringar i fylket.

Ingen personskadar er meldt i samanheng med desse hendingane.

Dei oppmodar alle som skal ut å køyre om å ta ei ekstra vurdering opp mot kva dekk som er på køyretøyet og kvar turen går.

Snødekt


Kamera frå Statens vegvesen viser at det er snødekke på Kjellstad i Sunnylven. Det same viser kameraet som står på Strandafjellet og på Korsmyra.