Geiranger utan straum - og utan internett

- Varsle omsorgssenteret ved akutte hendingar

Geiranger vinter. Bygda som ikkje har gått i dvale. Hotel Union Geiranger  Foto: Johan Behrentz

New Articles

Straumbrotet onsdag kveld er framleis ikkje løyst for Geiranger sin del.

No går kommunen ut og ber om at ein varslar omsorgssenteret i Geiranger om akutte hendingar i bygda om ein ikkje har mobildekning.

Omsorgssenteret i Geiranger er beredskapsstad for bygdelaget. Brann og ambulanse har naudnettsamband, og det er ambulansepersonell på omsorgssenteret.

Om det er behov for å lade telefonar, kan ein òg henvende seg til omsorgssenteret som blir driven med straumaggregat.

Bygdelaget er torsdag ettermiddag òg utan internett.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
New Articles