Restaurerer fjordgard

Laurdag trykte Sunnmøringen ein vekebladreportasje frå 1959 om Matvika og Anna Matvik, som døydde i vår. I dag er vi på reportasjetur til Matvika, ser på restaureringsarbeidet og møter to av barna til Anna.

Restaureringshandverkarane Audun Stikbakke, Kåre Løvoll og Simon Mork Kleppe, og "sjefen", hunden Ciergis var i Matvika i juni og kjem tilbake etter sommarferien.  

- Vi er på Matvika så ofte som vi kan, seier Per Jarle Matvik.  

New Articles

- Her på Matvika brukar vi mange helgar og feriar. Det er hit oss vil. Vi kan ofte sitje lange sommarkveldar og nyte den fine utsikta og slappe av. Den første turen hit tar vi i påska, og den siste plar vi ta i oktober, eller i november. For nokre år sidan feira eg nyttår her. Vi tok oss ein tur på nyttårsaftan, då var det nesten ingen snø her og elva var frosen, og fullmånen hang over fjorden. Eg er ikkje tvil om at det er den finaste nyttårsfeiringa eg har hatt nokonsine, fortel Per Jarle Matvik.

Han er yngste son av Anna og Rasmus Matvik, og den einaste av dei fire barna som ikkje har budd i Matvika.

- Garden vart fråflytta sommaren 1961, og eg var fødd vinteren det same året. Det var fleire årsaker til at foreldra mine bestemte seg for å flytte; mjølkebåtruta var lagt ned, den eldste av barna skulle snart byrje på skulen, og mamma ville ikkje at dei skule bu heimafrå, fortel han.

Per Jarle og systera has, Rigmor Palma, tilbringar no sommardagane på garden.

- Dei som restaurerer tar ferie, men eg skal vere her. Det mykje som må gjerast rundt huset og i hagen, seier Per Jarle Matvik.

- Det var min oldefar som byrja med å plante frukttre her. Petter, bestefar, var framleis med på utvidinga av hagen og på det meste var her kring 150 frukttre, blant anna aprikosar. Fruktsalet var ei tilleggsnæring til gardsdrifta på sommarstid. For nokre år sidan fekk mamma i 90-årsgåve to aprikostre og alle dei veks fint framleis, seier Matvik og viser fram eit lite aprikostre med gjerde rundt for å verne det mot dyr. I sommartida får garden besøk av padlarar, som tar turen langs fjorden, og her kan dei også få overnatting. Skuleklassar er også velkomne å besøke fjordgarden.


Restaurering

I vår har Matvika med stovehuset fått 700.000 kroner i verdsarvmidlar til restaureringsarbeid, og tidleg i juni vart materialane transportert til garden. Restaureringshandverkarar jobbar lange dagar med eit omfattande prosjekt på stovehuset.

Det står i eit skrått terreng, og i øvste sida har det vore fuktinntrenging.

- Med tidenes løp har lauv og skit tetta nedløp av vatn frå terrenget. På grunn av det har dei nedste bjelkane på murtoppen blitt råteskada, seier Kåre Løvoll, som står i spissen for restaureringsprosjektet.

Restaureringsarbeidarane har skifta og sikra bjelkelaget, golvbjelkar og golvbord som var vasskada.

- Det er to måtar å renovere huset på, ein er å bevare alt opprinneleg som er her, eller å skifte skadde deler med nye som er like i utsjånad på dei gamle. Her ved renoveringa av stovehuset bevarer vi det vi kan, men til dømes dei bjelkane som er heilt råtna, må vi skifte med nye, forklarar Løvoll.

Ved renoveringa av stovehuset brukar arbeidarane mykje tid på å studere gamle bilde frå garden.

-I bilda vi har, ser vi at vindauga er skifta etter det dette bilde blei tatt, viser Løvoll.Etter sommarferien er det planlagt å skifte øvste del av taket på stovehuset, til torvtak som var der opprinneleg .

- På den eine taksida er det skifer no, medan den andre sida er dekka med bølgjeblikk. Det skal skiftast tilbake til torv, fortel Løvoll om planane i august.

- Vi jobbar her ofte til seint på kvelden, gjerne til klokka er ti, men i dag har eg lyst å gå fjelltur, før det byrjar og regne, smiler han.