Sjå traileren til "Mannen fra Snåsa"

Margreth Olin sin nye film har strandapremiere 29. januar.

Joralf Gjerstad og pasienten Mira. 

Kultur

Regissøren skildrar at dokumentaren om Joralf Gjerstad, også kjent som Snåsamannen, handlar om betydninga av håp i menneskelivet.

Olin har filma 22 menneske som får møte Gjerstad, som i løpet av dei siste 65 åra har behandla kring 50.000.

Filmen vil bli vist første gong under opninga av Tromsø Internasjonale Filmfestival førstkomande måndag, den 18. januar. Noregspremieren er fredag 22. januar.

«Mannen frå Snåsa» vil ha strandapremiere fredag 29. januar. Då rullar Storfjord kulturhus ut den raude lauparen, om vêret tillét det, og Olin vil sjølv vere til stades.

Vi har snakka med strandaregissøren om den nye filmen. Intervjuet kan du lese i Sunnmøringen si papirutgåve laurdag.