Are Kalvø får Storegutprisen

Eit humortalent frå Stranda vil få tildelt "Storegutprisen" under litteraturdagane i Vinje i Telemark 26.-28. august i år.

Storegut: "Are Kalvø styrkjer omdømet til nynorsk generelt, og ikkje minst lyfter Kalvø fram nynorsken i krinsar og på arenaer der den til vanleg ikkje rår grunnen", skriv Odd Nordstoga om kvfor Kalvø får prisen.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Kultur

Litteraturdagane i Vinje delar kvart år ut «Storegutprisen». Det er ein pris som skal gå til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rommet.

"Det er ei glede å kunngjera at årets «Storegutpris» går til Are Kalvø. Ein meir aktuell vinnar er det vanskeleg å tenkje seg. Are Kalvø syner at nynorsk er eit språk for vår tid, like godt som noko anna til humor og satire, til skjemt med snert og uhøgtidleg alvor, " skriv Odd Nordstoga på Facebook-sida til Litteraturdagane i Vinje.

Nordstoga skriv på vegner av både Litteraturdagane og Storegutnemnda.

– Styrkjer nynorsken

"Stilen hans styrkjer omdømet til nynorsk generelt, og ikkje minst lyfter Kalvø fram nynorsken i krinsar og på arenaer der den til vanleg ikkje rår grunnen. Kalvø er av dei beste, ja ein «Storegut» i underhaldningsverda - på sitt felt ein moderne Aa. O. Vinje.

Prisen har namnet sitt etter ein sentral figur i Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen. Laurdag 27. august kjem Are Kalvø til Edland for å ta i mot heideren i samband med festkvelden på litteraturdagane i Vinje", avsluttar Nordstoga i kunngjeringa på vegner av Litteraturdagane i Vinje og Storegutnemnda.

Tidlegare vinnarar

Ifølgje Wikipedia har Storegutprisen tidlegare vorte tildelt følgjande personar:

  • 2002: Ivar Eskeland

  • 2003: Berge Furre

  • 2004: Ragnhild Sælthun Fjørtoft

  • 2005: radiomannen Bjørn Bø

  • 2006: musikeren Sigmund Groven

  • 2007: samferdselsminister Liv Signe Navarsete

  • 2008: skiskyttertrener Audun Svartdal

  • 2009: Nina og Øystein Rudi som er vertskap på Rudi Gard i Sør-Fron i Gudbrandsdalen

  • 2010: Odd Nordstoga

  • 2011: radiojournalist Astrid Brekken

  • 2012: Nyhetsanker fra NRK Ingvild Bryn

  • 2013: artisten Herborg Kråkevik

  • 2014: kvedaren Sondre Bratland

  • 2015: firmaet Lerum AS
Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur