Vann Publikumsprisen

På Dokfilm-festivalen laurdag vann filmskapar Margreth Olin Publikumsprisen.

Publikum under Dokfilm i Volda gav Publikumsprisent til Margreth Olin.  Foto: Arkiv

Kultur

Regissøren frå Stranda fekk prisen for den siste filmen til no.

Dokfilm-festivalen skriv følgjande på si eiga nettside:

"Publikumsprisen blei bestemt av sjåarane ved hjelp av stemmesetlar etter kvar vising. Den filmen med flest høgast terningkast gjekk av med sigaren. Prisen gjekk til «Mannen frå Snåsa», av regissør Margreth Olin, som er ein film om tydinga av håp i menneskelivet."

Gullflugeprisen gjekk til «Pøbler» av regissør Kari Anne Moe.

Ildflugeprisen er prisen for beste korte/mellomlange film og går til «Cellist», regissert av Sindre Kinnerød og Audun Fjeldheim.

Prisen for beste studentfilm kaster lys på eit viktig tema der det fortsatt er knytta mykje fordommar til. Nymfeprisen går til «Tung jakke» av Livirén Bratterud.

Les grunngivinga for dei andre prisane på Dokfilm-sida.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur