Finalistar i nasjonal konkurranse

Sunnylven skule er ein av seks finalistar i komposisjonskonkurransen Veslefikkprisen 2016.

Mellomsteget, elevane frå femte til sjuande klasse, ved Sunnylven skule er ein av finalistane i årets Veslefrikkpris! Heile 1.764 barn frå heile Norge deltok i komposisjonskonkurransen.   Foto: Sunnylven skule

Kultur

Det melder Stranda kommune i ei pressemelding.

Det er elevane i mellomsteget, frå femte til sjuande klasse, ved Sunnylven skule som har komponert og sendt inn sitt bidrag til prisen.

– Det er kjempemoro å ha kome helt til finalen!, seier skulen i ein uttale.

Ein jury, beståande av komponistar, musikarar og pedagogar, har latt seg imponere over musikken til femteklassingane.

– Juryen er overvelda over responsen rundt Veslefrikkprisen. Komposisjonar har strøyma inn frå by og bygd i hele landet og i år var enda fleire barn involvert enn i fjor. Det innsende materialet vitnar om stort engasjement og ein herleg skaparglede hos barn. Det er utvilsamt svært mange som setter pris på å få uttrykke seg gjennom musikk.

Sunnylven skule er i selskap med Bekkelaget skole, Godlia skole, Skei skule og Lunde skole. Det er dei fem finalistane som til no er offentleggjort.

Prisvinnarkonsert

Det er den sjette finalisten som er vinnar av konkurransen. Kven det er, blir offentleggjort på prisvinnarkonserten i NRK Store Studio fredag 13. mai.

Under konserten får vinnarskulen spele sin eigenkomponerte musikk saman med NRK Kringkastingsorkestret (KORK).

Prisen blir delt ut av Kunnskapsdepartementet, ved statssekretær Birgitte Jordahl.

Årleg pris

Veslefrikkprisen vart delt ut for første gong våren 2015.

Det er Stiftelsen Veslefrikk som er arrangør av konkurransen, som er for elevar frå 1. til 7. trinn. I år har heile 1.764 barn delteke.

– Dei har planlagt, komponert eigen musikk, gjort eit lydopptak og sendt inn musikken. I tillegg har dei også laga ein komponistrapport med refleksjonar om arbeidet, kan ein lese i pressemeldinga.

– Det er svært gledeleg at så mange skular har brukt konkurransen til å sette fokus på å la elevane få eit utforskande og kreativt forhold til musikk, seier prosjektleiar Eldar Skjørten.

Den årlege prisen blir delt ut igjen i 2017. På heimesida til Veslefrikkprisen kan ein lese at dei kjem tilbake med meir informasjon om denne i løpet av hausten.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur