Stemningsrapport frå Geiranger

«Kärleken är livets bästa vän», syng Arnfinn Siem, også kjent under artistnamnet A.P.S. Lonely.
Kultur

Vi trefte på Arnfinn Siem nedanfor Hotell Geiranger i går, måndag, kor han song og spelte.

– Det var ei dame på ein butikk som inviterte meg hit i dag, men vi hadde problem med å få straum i butikken. Så eg gjekk hit, og her gjekk det bra, fortalde han.

Siem har spelt i Geiranger mange gongar før, men sa det er ei sjeldan hending.

Spela for turistane

Nede på kaia i Geiranger dansa nokre då dei gjekk forbi, og i ei tom gitarkasse hadde fleire gitt ein liten skjerv.

Men Siem sa at det ikkje handlar om pengar eller kor mykje han tener.

– Det er kjekt å kunne spele litt for turistane. Det er i grunn for å lage litt ekstra at eg gjer dette, sa han.

Vi spurte om han kunne spele ein song for Sunnmøringen sine lesarar, og valet vart «Lilla vackra Anna» - som du kan sjå og høyre i videoen øvst i saka. Der har vi også samla eit knippe bilde frå gårsdagens besøk til verdsarvbygda.


Omreisande trubadurar

Laurdag byr «APS not lonely» opp til gladmusikk og dans på utescena.