Kjellen tek pulsen på Stranda

Laurdag kjem Klypa og Kjell "Kjellen" Bigset til Stranda med framsyninga "Med prostata mot stjernene".

Kan ein arrangere Alperittet utan snø? Kjell "Kjellen" Bigset demonsterer alternative bruksområder for Stranda sitt mest berømte produkt.Kreditering: Joar Ødegård/Himmelhøgt Media & Profilering

Skjermdump frå Kjellen sin nye video. 

Kultur

Sjølvsagt har Kjellen vore på Stranda og sjekka ut forhalda på førehand - korleis det gjekk, kan du sjå i videoen.

Arrangørane av Alperittet har fått fleire tips til neste år, og ein viss pizzaprodusent på Sløgstad likeså.

I framsyninga laurdag er det ei heilt ny framsyning strandarane får sjå - med Kjellen i hovudrolla, og i like fri dressur som alltid. Hovdebygdaren lovar rett og slett eit skikkeleg oppgjer med det moderne liv - og livssnyltaren Palle er på plass. Arrangøren lovar òg eit par heilt nye ansikt i Klypa-universet.

Ørjan Liavåg er regissør, musikkprodusent og sparringpartner på tekst. Liavåg har lang erfaring i humor-bransjen, og har samarbeidd med artistar som Marit Voldsæter, Ina Breivik, Fredrik Steen og Christine Hope.

-Å få jobbe med Klypa er først og fremst veldig artig, og humoren treff meg midt i sunnmørshjartet, seier Liavåg.

Det ryktast at Kjellen er nyforelska og i sitt livs form - basert på djupdykket inn i rådande forhold i Stranda, er det grunn til å vente seg det aller meste frå scena på kulturhuset.