Vann Veslefrikk-prisen 2017

Høyr Rådhusklokkene spele

Veslefrikk-vinnarane frå Sunnylven fekk helse på klokkenist Laura Marie Rueslåtten (tv) og høyre songen sin som klokkespel då dei vitja Oslo Rådhus i april.   Foto: Jostein Ringdal

  Foto: Jostein Ringdal

Kultur

«Den forlatte byen» blei spelt for første gong i Oslo Rådhus torsdag, 1. juni. Til og med 31. august er den fast innslag i klokketårnet klokka 11.00.

Du kan høyre vinnarsongen som klokkespel her (klikk på biletet):

Kreditering: Elevar frå 6. og 7.-trinn ved Sunnylven skule og Laura Marie Rueslåtten


Stor oppleving i Oslo


Får fast speletid i Oslo Rådhus

Vinnarsongen til elevane frå Sunnylven skule kjem til å bli spelt kvar dag gjennom heile sommaren.

På heimesida til Veslefrikk-prisen, Musikkfaget.no, kan ein lese at ei mor blei rørt til tårar og at elevane ikkje trudde det var sant då dei fekk vite at songen deira kom til å bli spelt for halve hovudstaden på denne måten.

Ubeskriveleg

Ein av elevane, Elias, seier til nettstaden at berre det å tenke på dette er heilt ubeskriveleg.


– Songen er veldig fengjande

Det seier klokkenist Line Marie Rueslåtten – som har gjort vinnarsongen til 6.– og 7.–klassingane ved Sunnylven skule klar for klokkespelet i Oslo Rådhus.

– Eg trudde aldri at vesle Sunnylven med 500 innbyggarar kunne vinne noko så stort. Eg skal til Oslo minst to gangar å høyre på komposisjonen, seier han.

– God klang

Eleven Hanne synest det var kjempespennande å høyre songen for første gong i klokketårnet.

– Det var skikkeleg spesielt at så mange klokke kunne spele songen vår og ha så mange forskjellige tonar. Det var skikkeleg god klang og det var berre heilt fantastisk, fortel ho til Musikkfaget.no.


Ønskt velkomen heim med overraskingsfest

Med norske flagg, ballongar, heiarop, heimelaga plakatar – og ikkje minst sin eigen song – blei dei ferske vinnarane av Veslefrikkprisen 2017 ønskt velkomen heim til Sunnylven i kveld, laurdag.



Veslefrikkprisen 2017

Sunnylven skule gjekk av med sigeren

Sunnylven skule sin 6. og 7. klasse har blitt tildelt Veslefrikk-prisen 2017.

 

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur