Folkemusikar:

Kjem til Stranda med band på laurdag

Sigrid Moldestad har bakgrunn som journalist i NRK Sogn og Fjordane og NRK P2, men vart musikar på heiltid i år 2000.  Foto: Pressefoto

Kultur

Sigurd Drege fortel at han kjenner sterk otte for at publikum på Stranda er i ferd med å gå glipp av det han skildrar ein av dei finaste konsertane på programmet i Storfjord kulturhus.

– Førstkomande laurdag, 27. januar, kjem Sigrid Moldestad på vitjing med orkesteret sitt. Det er tidleg for oss å ha konsert med ein så stor artist i slutten av januar, og publikum er ikkje vande med det, seier han.

Artisten gav ut si femte soloplate i fjor, «Vere her». I ei pressemelding blir dette skildra som eit folk/rock/vise-album. Moldestad, som har sine røter i folkemusikken, har bidrege med eigne tekstar og låtar på denne plata.

I 2014 gav ho ut «Brevet til kjærleiken», med tekstar av Jan-Magne Bruheim. Tidlegare har ho også skrive musikk basert på dikt av Robert Burns, og i 2007 vann ho Spelemannsprisen for folkemusikkplata «Taus».

Musikaren er frå Breim i Nordfjord, og har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss. Ho vart tidleg introdusert for felemusikk, og har fordjupa seg i tradisjonen frå heimeområdet.

Etter besøket på Stranda blir det ei lita konsert-pause for Moldestad, som frå midten av februar skal spele i den musikalske vestlandskrøniken «Heim» på Hordaland Teater.

I midten av mars tek ho til att med kyrkjekonsert i Valdres, nokre dagar før ho skal spele på Vossajazz.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur