Veslefrikkprisen 2018:

Gjekk til Bekkelaget skule

1. og 2. klasse og 7. klasse ved Sunnylven skule kom begge til finalen i årets Veslefrikk-konkurranse, i konkurranse med 1 978 elevar frå heile landet. På biletet får to av dei yngste elevane og lærar Silje Stadheim diplom av ordførar Jan Ove Tryggestad. Markeringa fann stad i samband med Grunnskuleveka og framsyninga «Vandring» torsdag. Også finalistane i sjuande klasse og lærar Evgenii Zhukov fekk diplom av ordføraren.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Kultur

Sunnylven skule gjekk ikkje heilt til topps i Veslefrikkprisen 2018, men kan seie seg svært godt nøgd med å ha komponert heile to av dei seks finalebidraga i årets konkurranse.

Komponistprisen for barn, som i år gjekk til Bekkelaget skule, vart delt ut av kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i NRK og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Vinnarane fekk spele musikkstykket sitt saman med Kringkastingsorkesteret i NRK Store studio i dag, fredag.

Pengegåve

I løpet av den 50 minuttar lange direktesendinga frå prisutdelinga, vart Stiftelsen Veslefrikk tildelt 1,5 millionar kroner frå Sparebankstiftinga DNB. Midla er øyremerkt vidareutvikling av tilbodet, som er for barn 6–12 år, samt utvikling av eit nytt konsept med produksjon av videoar, tekstar og fagmateriell. Det nye konseptet er retta mot ungdom i alderen 13–15 år.

– Med desse pengane håper vi de kan halde fram med å inspirere barn, og no også ungdom, til å fortsette å vere nysgjerrige og kreative, sa gåverådgivar Birte Selvåg i sparebankstiftinga.

Reportasje frå Sunnylven

I forkant av finalen hadde elevar og lærarar ved Sunnylven skule fått besøk av eit TV-team. Reportasjen vart vist under direktesendinga.

Der kom det fram at dei flinke komponistane ønskjer å halde fram med å levere bidrag til Veslefrikk så lenge som mogleg.

I fjor var det 6. og 7. trinn ved skulen som vann Veslefrikkprisen. I år kom sjuande klasse til finalen med songen «Mystika».

Vinnarane frå i fjor hadde inspirert elevane i 1. og 2. klasse til å delta. Dei komponerte finalestykket «Katten jagar mus».

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur