Støttekonsert på Stranda fredag kveld:

– Vi må yte litt, vi som har så mykje og som lever i eit luksusland

Quadrifolium på scena i Gomerhuset i Skodje. Støttekonserten i april i fjor var til inntekt for MS-sjuke Kai-Even Fylling. F.v.: Askjell Molvær, Hedda Johanne Schreijer, Sofie Berge Sæbø, Tove Havnen Hansen og Benjamin Rekdal.  Foto: Rolleiv Sve

Kultur

I morgon, fredag, inviterer damekoret «Kor Henne» frå Ålesund og Sula og den lokale ungdomskvartetten Quadrifolium til støttekonsert i Storfjord kulturhus.

Overskotet frå billettinntektene vil gå til organisasjonen Leger Uten Grenser og deira arbeid for dei naudlidande i Syria og i andre krig- og konfliktområde.

Konserten har fått namnet «Blowing in the Wind», og i det musikalske programmet vert det protestsongar og songar om fred og kjærleik.

Konsert i Langevåg i kveld

Askjell Molvær er fellesnemnaren i det heile. Han er dirigent i «Kor Henne» og musikalsk leiar i Quadrifolium, ei gruppe på fire ungdommar frå Stranda som han også er musikklæraren til på privat basis.

Molvær, som har vore lærar ved kulturskulane i Stranda og Sykkylven, har eigentleg gått av med pensjon. Likevel seier han at han aldri har hatt det meir travelt enn no. Allereie i kveld skal koret og Quadrifolium ha ein støttekonsert, men denne går føre seg i Langevåg og er til inntekt for Redd Barna.

– Vi må yte litt

Bileta som viser stor liding i krigsherja område er bakgrunnen til at Molvær ønskjer å engasjere seg.

– Folk flyktar i milliontal frå dei mest fryktelege lidingane ein kan tenke seg. På TV har eg sett barn som leitar seg gjennom søppel for å finne noko å ete, slik at dei kan berge livet. For desse menneska er det snakk om å berge livet frå dag til dag. Dei står rett og slett i fare for å svelte i hel. Og så har du organisasjonar som eg har stor sans for, der frivillige praktisk talt står midt i bomberegnet og reddar liv. Dette gjer eit veldig inntrykk på meg.

Molvær ønskjer å gjere det han kan for å hjelpe dei som lir.

– Eg synest vi må yte litt, vi som har så mykje og som lever i eit luksusland. Vi har jo meir enn nok av alt. Eg må seie som Cornelis Vreeswijk syng: «Du kan ingenting ta med deg dit du går».

Sjukepleiarar og helsearbeidarar

Songane som vert framført kjem hovudsakleg frå visebølgja på 60- og 70-talet, som oppstod som ein protest mot Vietnamkrigen. Blant dei er Vreeswijk sin «I natt eg drøymde», Bob Dylan sin «Blowin’ in the wind» og Pete Seeger-låten «Where have all the flowers gone».

Støttekonsertane var Molvær sin idé, men både Quadrifolium og «Kor Henne» vart villige med på notane.

Litt av årsaka til at folk på Stranda kan vere med å støtte nettopp Leger Uten Grenser, er at dei fleste songarane i koret er sjukepleiarar og helsearbeidarar ved Ålesund sjukehus, fortel Molvær.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur