Klassisk musikk frå lokal konsertpianist

Møte mellom meister og elev

Søndag blir det konsert på kulturhuset, når strandaren Martha Berit Belt saman med Håvard Gimse arrangerer klaverkonsert. Arkivfoto 

Martha Berit Belt  Foto: Pressefoto

Kultur

Storfjord kulturhus på Stranda feirar 20 år og inviterer til klaverkonsert kommande søndag.

Då kjem lokal konsertpianist Martha Berit Belt saman med Håvard Gimse til kulturhuset. Gimse er omtalt som ein av Noreg sine fremste musikarar, og er ettertrakta både som solist og som kammermusikar.

Martha Berit Belt frå Stranda fullførte mastergraden sin ved Griegakademiet våren 2016, der ho studerte hjå Signe Bakke. Ho har gitt ein rekke konsertar på Troldhaugen, bustaden til Edvard Grieg.

Martha har også hatt timar saman med mellom andre Håvard Gimse og Julius Drake.

Belt har et allsidig repertoar, som spenner frå Bach til samtidsmusikk. Ho har mellom anna vore medverkande på festivalar som Borealis og Oslo Internasjonale Teaterfestival.