Helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) har møte tysdag

Sein med å innlevere? Du er ikkje åleine

Kultur

Lånereglane for biblioteket skal opp til revidering i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) tysdag.

Lånereglane vart sist revidert i 2010, men det er no snakk om svært små endringar.

– Gebyret er i hovudsak meint å ha ein oppdragande effekt, og er ikkje å sjå på som ei straff. Det er difor ikkje lagt inn endringar i gebyrsatsane, skriv rådmannen i saksinnstillinga til HOK.

Og om du er blant dei av oss som kan slumpe til å vere sein med å innlevere lånte bøker eller gløyme å fornye lånet: Du er ikkje åleine.

Biblioteket tek årleg inn omtrent 5.000 kroner i gebyr, men trøysta er at det går til eit godt føremål: Det blir i sin heilskap nytta til å kjøpe inn bøker og utstyr.

Kva gjeld erstatningar, så blir det endra til at biblioteket gjer ei konkret vurdering i kvart tilfelle. Materiell som er av eldre dato får ein gjerne kjøpt til lågare pris, noko som rådmannen meiner bør kome lånaren til gode.