Julegåve med historisk sus

Enkelte legg litt meir arbeid ned i julegåvene enn andre. Kersti Fjørstad er ei av dei som undrar seg og finn fram til familiens tradisjonar for så å nedteikne dei til komande generasjonar.

Sånn ser bøkene ut i to ulike versjonar. 

Kultur

Rokkemakartradisjonen frå Fjørstad er tema i årets historiske familiebok frå Kersti Fjørstad. Ei bok som blir gitt som julegåve til den aller nærmaste familien, samt at ei enklare utgåve blir gitt til vener og kjende.

- Eg og syster mi har fleire gonger undra oss over om korleis han ser ut i dag, rokken som vart laga til av bestefar og gitt til Slottet i samband med NM i alpint på Stranda i 1973.

Kongelege samlingar

Fjørstadrokken vart gjeve som gåve til dåverande Kronprins Harald. På plaketten på rokken står: «MINNE FRÅ NM Alpint 1973 STRANDA KOMMUNE», og så er det ei påskrift: «LARS L. FJØRSTAD STRANDA SUNNMØRE».

- Veslejulaftan i fjor (2011) fekk eg stadfesta at Fjørstadrokken stod i dei kongelege samlingane, og eg fekk tilsendt eit fint bilete av han. Det vart starten på eit eventyr. Men du veit, har ein først funne ein rokk på Slottet, så kjem det nye spørsmål: Kvar tok alle dei andre rokkane vegen? Då eg seinare fann ei kasse med gamle kvitteringar frå bestefar sin verkstad, måtte eg berre finne ut kven som hadde kjøpt rokk av han.Ei ekstra gåve

Kersti Fjørstad er dotter av Anne og Øystein Fjørstad få Lassegarden på Fjørstad. Hennes bestefar var rokkemakar Lars L. Fjørstad (1890-1972). I år er det 40 år sidan bestefaren gjekk bort. Då var Kersti berre ti år, men ho har gode minne frå tida saman med han. Blant anna minnast ho historiene han fortalde, og interessa for språk, song og kultur. Ein rokk ho fekk i gåve som lita jente har no heidersplass i stova i Trondheim. Det er berre at inntil tidlegare i år kunne ho ikkje å nytte han.

- I ungdommen min oppfordra bestemor Aslaug meg ofte til å lære meg å spinne. Men interessa mi var ikkje der. Ikkje den gongen. Dessverre. Men no kom det med eitt ein ny sjanse.

Kersti fortel korleis ho sat i tre heile helgar for å skrive ned namn og kor kundane til bestefaren kom frå. Kassa ho hadde funne i ei krå på heimgarden sist jul vart til talmateriale og diagram.

- Eg gløymde tid og stad der eg sat og noterte ned med respekt og andektigheit. Få eller ingen av kundane lever i dag, men eg gjorde meg tankar om bruk og familierelasjonar. Det var heilt fantastisk.

Kåfjord i Troms

Via talmaterialet fann ho ut at mange Fjørstadrokker hadde hamna i Kåfjord kommune i Troms.

- Ved eit tilfelle kom eg i snakk med ei frå Manndalen då eg var på jobbreise i Steinkjer. Ho hadde brosjyre og kontaktpersonar til Manndalen husflidslag, og brått befann eg meg der oppe og lærte meg å spinne på ein Fjørstadrokk frå 1947/48. Det var ei heilt utruleg oppleving, fortel Kersti smilande.

Det er og ekstra moro at dei har ein spinnerokk i kommunevåpenet sitt. Det er blitt meg fortalt at Kåfjord er den einaste kommunen som har ein kvinnereiskap i kommunevåpenet sitt. Det i seg sjølv er interessant. Spinnerokken står sterkt i dette området, seier Kersti.

Ringen er slutta

Ho snakkar med engasjement og stemma viser ei levande interesse både for historie, tradisjonar og familien. For ho heng alt saman. Det byrja med snakk og spørsmål og enda med ei reise til Nord-Troms, nyerverva spinnekunnskap og det skrivne ord.

- Brått var ringen slutta. Eg kan no spinne på Fjørstadrokken i stua om eg vil, og garnet eg laga til då eg var i Kåfjord skal eg strikke med i jula når eg er heime. Eg er interessert i å formidle tradisjonar til og frå familien. Dei unge har vist interesse for det eg driv med, og det er eg ekstra glad for.

I boka konsentrerer ho seg om å dokumentere utbreiinga av Fjørstadrokken og korleis rokken vert sett saman. Dermed dokumenterer ho også nemningane.

- Å lage ein god spinnerokk er eit presisjonsarbeid. I kapitlet «Frå delar og bitar til kvalitetsrokk» har far skildra arbeidsprosessen, steg for steg. Han har også laga ei oversikt over rokkedelar og bitar som Fjørstadrokken består av. Dette er, slik eg ser det, eit historisk viktig dokumentasjonsmateriale. At eg i tillegg fekk eit nytt høve til å lære meg spinnekunsten, var stort.

Rokkar på Stranda

Kersti Fjørstad veit at fleire på Stranda har ein Fjørstadrokk. Men ettersom ho i forarbeidet til boka berre har teke utgangspunkt i dei fraktkvitteringane ho fann, har ho i denne omgangen ikkje fått med rokkane på sjølve Stranda fordi dei truleg vart henta.

Desse rokkane fann vegen til dei lokale kjøparane på andre måtar og er soleis dessverre ikkje med. I statistikkmaterialet er difor Stranda kommune heilt klart underrepresentert. Dei 30 rokkane som eg har registrert i kommunen, er rokkar som vart sendt til Geiranger (4), Hellesylt (23) og Liabygda (3). Det hadde vore kjekt om strandarar sender meg bilete av ein Fjørstadrokk dei har i heimen sin. Eg tek gjerne imot fotografi av Fjørstadrokkar på skjermbrev til kersti.fjorstad@hotmail.com eller at de leverer det til far direkte. Det må bli ei ny bok til neste år, eg må berre fortsette. Håpet er at denne suvenirboka kan inspirere komande generasjonar til både å lage rokkar og å spinne. Kanskje begge deler.

Boka er dedikert til Kersti sine barn og syster Elin sine barn: til Lars Johan, Torbjørn, Daniel, Line og Emil. Opplaget er berre på 35 bøker, og av desse er berre nokre få innbundne av ein bokbindarmeister i Trondheim. Desse er til den aller nærmaste familien.

Som i den førre boka, «Anne», så er også «Fjørstadrokken» utgjeve på eige forlag.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur