Digitaliserer gamle Åkernes-bilde

Fotogruppa i Stranda Sogelag brukte onsdag mange timar på velje ut og leggje til rette for digitalisering av mange historiske bilde frå kommunen.

Det bratte tunet på garden Åkernes ein vinterdag kring 1950. Foto: Nils R. Aakernes (Bildet er utlånt av Stranda Sogelag) 

Fotoarkivar Ragnar H. Albertsen har avfotografert mange historiske bilde som Stranda Sogelag har skaffa. 

Kultur

Då fotoarkivar Ragnar H. Albertsen frå Fylkesfotoarkivet dukka opp på Helstad skule i Strandadalen med bilen full av reproutstyr, hadde fotogruppa 420 bilde til han.

– Vi heldt på heilt til klokka ni om kvelden, fortel Rolleiv Berge, ein av dei ivrige medlemene i fotogruppa.

Bilda til Nils Ragnar Aakernes og 26 andre album-eigarar blei avfotografert og digitaliserte i løpet av dagen. Etter kvart vil desse vere tilgjengelege for alle som ønskjer å sjå dei.

– Den utruleg flotte samlinga med over 130 bilde frå garden Åkernes var kanskje "rosinen i pølsa" under denne digitaliseringsøkta, skriv Albertsen på nettsida til Fylkesfotoarkivet.

Her kan du kjøpe og laste ned laurdags-Sunnmøringen med reportasje om fotogruppa sitt arbeid, og sjå  ein verdfull godbit i form av eit bilde av Stranda sentrum frå slutten av 1800-talet.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur