Strålande konsert

Til konserten i Peer Gynt Galleriet laurdag hadde kulturgruppa hyra inn Los Osos Polares, ei kvintett med argentinsk tango på repertoaret. Det vart ein time med kjenslefulle tekstar og tonar.

Los Osos Polares. Frå venstre Håkon Magnar Skogstad, Ole Herman Schøyen Sjølin, Ingrid Nyhus, Asbjørg Ryeng, Rannveig Ryeng. 

Ingrid Nyhus var vokalist og imponerte med kraftfulle framføringar.  

Kultur

Av Fredrik Stadheim

Los Osos Polares kjem frå Trondheim og starta sitt turneliv for fire år sidan. Kvintetten består av nesten berre familiemedlemer.

Laurdag var det konsert med argentinske rytmer å høyre i Peer Gynt Galleriet

Los Osos Polaes, eller ”Isbjørnane” tok publikum med tilbake til 50 og 60-talets gullalder frå Rio de la Platas bredde gjennom tekst og tonar.

Svært dyktige musikarar og med vokal av Ingrid Nyhus leverte dei ei strålande framføring.

Frå Nyhus si litt mørke og kraftfulle songrøyst kom tekstar med både glede og skuffelser, ømme og varlege, men også kjenslefulle med både hat og kjærleik. Det vart sterke tolkingar og eldfull lidenskap som gav publikum ei oppleving som langt fleire burde fått med seg.

Den svingande musikken er innom stilartar som jazz, populærmusikk og klassisk og appelerer til publikum i alle aldrar.

Los Osos Polares består av songarinna Ingrid Nyhus, Rannveig Ryeng, fiolin, Asbjørg Ryeng, bandoneon, Håkon Magne Skogstad, piano, og Ole Herman Schøyen Sjølin på bass.

Turneen til kvintetten heldt fram med konsert i Stordal dagen etter.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur