Kronikk frå fylkesmannen:

Grensejustering i Norddal, Stranda og Ørsta kommune

Fylkesmann Lodve Solholm. Bilete frå arkivet.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Meiningar

Etter inndelingslova kan ein innbyggar eller eit bygdelag søke om at det skal setjast i gong utgreiing av ei grensejustering, der dagens kommunegrenser blir opplevd som uhensiktsmessige. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bedt meg om å utgreie og gi mi tilråding til følgjande søknader om grensejustering: Norddal og Eidsdal til Stranda kommune og Bjørke og Viddal til nye Volda kommune. Departementet har også bedt meg om å utgreie og gi mi tilråding til ei grensejustering av Liabygda til nye Fjord kommune.

Innbyggarhøyring

I neste veke startar innbyggarhøyringa i bygdene Norddal, Eidsdal, Bjørke, Viddal og Liabygda. Innbyggarhøyringa blir gjennomført som ei telefonundersøking for innbyggarar over 16 år.

Spørsmålet som blir stilt til innbyggarar i Norddal og Eidsdal er:

Kva kommune meiner du at Norddal og Eidsdal skal høyre til i framtida?

  • Bli i Norddal kommune
  • Overflytting til Stranda kommune
  • Veit ikkje

Spørsmålet som blir stilt til innbyggarar i Bjørke og Viddal er:

Kva kommune meiner du at Bjørke og Viddal skal høyre til i framtida?

  • Bli i Ørsta kommune
  • Overflytting til nye Volda kommune
  • Veit ikkje

Spørsmålet som blir stilt til innbyggarar i Liabygda er:

Kva kommune meiner du at Liabygda skal høyre til i framtida?

  • Bli i Stranda kommune
  • Overflytting til nye Fjord kommune
  • Veit ikkje

Når resultatet frå innbyggarhøyringa er klart i veke 6, vil kommunestyra i dei involverte kommunane få oversendt saka på høyring for uttale.

Kommunestyra skal gi sin uttale til Fylkesmannen innan veke 9. Tilrådingane blir presentert på pressekonferanse siste veka før påske.

For meg er det viktig at alle relevante opplysningar kjem fram, til dømes folketal, areal, geografi, kommunikasjonstilhøve, pendling, bu- og arbeidsmarknad, utbyggingsmønster og det kommunale tenestetilbodet. Fylkesmannen har derfor samla inn relevante fakta om bygdene Norddal, Eidsdal, Bjørke, Viddal og Liabygda frå mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune og dei involverte kommunane.

Innsamla fakta og informasjon om grensejusteringane er tilgjengeleg på Fylkesmannen og kommunane sine heimesider og eg oppfordrar alle interesserte til å setje seg inn i desse opplysningane.

Fylkesmann Lodve Solholm