Leiar:

Redaktør-rolla

Kommunehuset i Stranda. Illustrasjonsbilete frå arkivet. 

Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten er uvurderlege rettesnorer

Meiningar

Sunnmøringen er som seriøs media-aktør forplikta til å opptre i samsvar med Ver varsam-plakaten, dei etiske retningslinjene for den norske pressa.

I Ver varsam-plakaten sitt punkt 2.1 står det om redaktøren: «Den ansvarlege redaktør har det personlege og fulle ansvar for innhaldet i mediet og avgjer med endeleg verknad spørsmål om redaksjonelt innhald [ ...]. Redaktøren skal opptre fritt og uavhengig overfor personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det redaksjonelle innhaldet. Redaktøren skal verne om produksjonen av fri og uavhengig journalistikk i redaksjonen.»

Dette er bakgrunnen for at Sunnmøringen sin redaktør gjekk ut mot Stranda kommune då eit dokument vi meinte og framleis meiner skulle vere offentleg vart forsøkt unntatt offentlegheit.

Sunnmøringen opptrer på vegner av ålmenta i Stranda, og det er ei ganske spesifikk forplikting i det oppdraget: Å få fram saker som rører ved Stranda sine innbyggarar, og bidra til ei informert og aktuell samfunnsdebatt.

Stranda kommune, både administrasjon og politikarar, har tidlegare fått kritikk frå Sunnmøringen for si handtering av offentlegheit i forvaltninga. Vi ser at det har vore ei stor kvalitativ forbetring administrativt i korleis ein handterer offentlegheit i forvaltninga. Dette fortener Stranda kommune honnør for.

Frå Sunnmøringen si side, er det viktig å understreke at Sunnmøringen ikkje er i konflikt med Stranda kommune. Ingen tener på det – korkje ålmenta eller kommunen sjølv. Når vi fremjar kritikk mot kommunen, blir kritikken tatt på alvor. Men når ein ikkje gir innsyn i dokument vi etter lova har krav på, grip ein direkte inn i redaktør-rolla. Reaksjonen frå Sunnmøringen blir då tilsvarande sterk.

Våre lesarar og ålmenta i Stranda skal vere trygge på at redaksjonen i Sunnmøringen ikkje let andre omsyn enn det journalistiske påverke kva vi prentar. Der er Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten uvurderlege rettesnorer.

Sunnmøringen skal vere audmjuk, og erkjenne at vi òg gjer feil. I dei tilfellene kor vi feiler, kjem redaktøren fullt og heilt til å ta ansvaret for dette - og rette opp snøggast råd.

Så innser Sunnmøringen at vi har ei pedagogisk oppgåve med å formidle kva retningslinjer vi som redaksjon har. Der kjem vi gjerne Stranda kommune i møte. Ønsker Stranda kommune å få ei orientering rundt Sunnmøringen sine etiske retningslinjer og arbeidsmetodar, så stiller Sunnmøringen sin redaktør meir enn gjerne opp og bidreg til dette.