Leiar

Verkeleg, Norddal?

  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Politikarane i Norddal utviser ingen respekt for Stranda kommune

Meiningar

Denne redaktøren har dekt kommunale møter sidan hausten 2014 i Stranda kommune. Det er ikkje ofte underteikna har vore samd med kommunepolitikarane i Stranda, uavhengig av politisk ståstad. Men måndag ettermiddag var kommunepolitikarane i Stranda og redaktøren i Sunnmøringen heilt på linje:

Det er eit merkverdig dokument Norddal kommune har utarbeidd som høyringsuttale om grensejustering for bygdene Norddal og Eidsdal.

Dokumentet tener fint lite anna formål enn å kaste blår i auga på Stranda, nok ein gong. Ein ting er å krevje 100 prosent av Kostrapris for ta imot elevane frå Liabygda, utan å tilføre ekstra lærarressursar til Valldal skule. Det er ufint, for å seie det mildt.

Men å seie at Geiranger høyrer «naturleg inn» i Fjord? Vel vitande om at Stranda kommune held på med eit mareritt av ein reguleringsplan der motsegnene hagler frå alle kantar, og der Stranda hamnevesen kjemper med nebb og klør for å unngå særkrav i Verdsarvfjordane?

Vi tør våge den påstanda at Stranda er langt betre egna til å følge opp Geiranger enn Norddal kommune og framtidige Fjord kommune nokon gong kjem til å bli. Rådmannen i Stranda har stilt spørsmål med kor levedyktig ein framtidig kommune med 2.668 innbyggarar (2017-tal, red. anm). Det gjer Sunnmøringen, med.

Stranda kommune er på veg ut av Robek-lista, ifølge økonomisjefen kan dette skje allereie til neste år – tre år før tida. Det er eit salsargument av dimensjonar i denne diskusjonen – alle andre stader enn i Norddal, openbart.

Politikarane i Norddal utviser ingen respekt for Stranda kommune. Det står dei fritt til, kor uklokt det enn er. Det som er verre, er at dei ikkje utviser noko respekt for sine eigne innbyggarar.

36 prosent av innbyggarane i Norddal kommune stemte blankt i folkeavstemminga om kommunesamanslåing. Det var eit tydeleg signal til kommunepolitikarane om at ein var på feil kurs. Det signalet vart ikkje tatt.

No prøver ein seg med ei omskriving av kor mange av Norddal og Eidsdal sine innbyggarar som vil til Stranda. Telefonundersøkinga viser at 57 prosent vil til Stranda. Norddal kommune har ved særs kreativ tolking av dette resultatet, sett folkeviljen i Norddal og Eidsdal i tvil. Røynda passar ikkje politikarane, så då omskriv ein røynda.

Sunnmøringen ønsker som kommunepolitikarane i Stranda bygdene Norddal og Eidsdal hjarteleg velkommen inn i Stranda, om dei ønsker det. Og vi kan forsikre om at Stranda er langt meir lydhøyre overfor sine bygdelag enn Norddal kommune ser ut til å vere.



Innstillinga frå ordførar og rådmann i Norddal kommune om grensejustering for bygdene Eidsdal og Norddal kan du lese her: