Lesarinnlegg frå ordføraren i Norddal kommune, Arne Sandnes (Sp):

"Verkeleg, Stranda?"

Bilete frå arkivet.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Meiningar

Under overskrifta «Verkeleg, Norddal?» refererer avisa Sunnmøringen i siste nummer frå eit møte i Stranda formannskap der temperaturen hadde vore på kokepunktet, og der Norddal kommune fekk så hatten passa. Til og med redaktøren i Sunnmøringen gjorde felles front med politikarane for å skjelle ut naboen. Frustrasjonen over dei «håplause norddalspolitikarane» vart til og med kringkasta på NRK radio. Ektefølt sinne er ikkje å forakte når det er grunnlag for det, men i dette tilfellet blir det skote langt over målet. Eg ser difor behov for kommentere nokre av påstandane som vart sette fram. 

Først til min gode kollega ordførar Jan Ove Tryggestad. Politikarane i Norddal har ikkje sagt at dei vil ha Geiranger! Derimot høyrer vi at ordføraren i Stranda, gang på gang gjentek, at heile Norddal og Stordal (Fjord kommune) burde vore slått saman med Stranda. I tillegg har rådmann i Stranda (ifølgje Sunnmøringen) stilt spørsmål ved kor levedyktig ein framtidig kommune (Fjord) med 2668 innbyggjarar er. Mange undrar seg over kva som ligg til grunn for denne rørande omsorga for naboen. Har ikkje Stranda nok å stri med på heimebane? Er dette noko Stranda kommune treng å bekymre seg for? Som ei trøyst til rådmannen kan eg opplyse at Telemarksforsking har rekna ut, at Fjord kommune er ei av dei mest «lønsame» kommunesamanslåingane i heile Noreg.


Uttale om grensejustering Liabygda og Norddal/Eidsdal

Formannskapet kritiske til Norddal si uttale

Norddal kommune si uttale om grensejustering for Norddal/Eidsdal vekte mildt sagt åtgaum i formannskapet måndag ettermiddag.

 

I Stranda er det framleis samanslåing som er gjennomgangsmelodien i den politiske debatten. Det må det gjerne vere, men i forhold til Norddal og Stordal og Fjord kommune, er det ikkje eit tema! Den diskusjonen er vi ferdige med for lenge sidan. Verken i Norddal eller i Stordal er det interesse for ei samanslåing med Stranda. Det veit ordføraren i Stranda, men han er ikkje tilfreds med svaret. Han held difor fram å snakke om samanslåing. Saka om kommunesamanslåing vart for vårt vedkomande avslutta då stortinget gjorde vedtak om Fjord kommune i juni 2017. Det synest eg at både ordføraren og rådmann i Stranda bør respektere. Det saka no gjeld, og det som både Stranda og Norddal kommune er bedne om å uttale seg om, er eit spørsmål om grenseregulering- og ingen ting anna! Det har både fylkesmannen og departementet eintydig slått fast. Å late som det framleis handlar om samanslåing, er å bomme på oppgåva!


Norddal kommune:

Vil miste millionar i frie inntekter til Stranda

Dersom ei grensejustering av Norddal og Eidsdal blir ein realitet.

 

Eg meiner prinsipielt at vi som politikarar ikkje skal meine noko om kva som gagnar naboar i andre kommunar. Det er dei fullt i stand til å handtere på eigen hand. Det prinsippet meiner eg at politikarane i Norddal har vore trugne mot. Men etter fleire utspel i media i seinare tid, og seinast etter utblåsinga om Geiranger i Stranda formannskap sist måndag, sit eg att med eit inntrykk av at bygdelag i Stranda er freda vilt, medan andre jaktreglar gjeld for Norddal.

Elles skjønar ikkje Tryggestad korleis vi reknar prosentar når vi vurderer resultatet av innbyggjarundersøkinga i Eidsdal og Norddal. Utgangspunktet er at kommunen er ansvarleg for alle innbyggjarar – anten dei er unge eller gamle, anten dei stemmer eller held seg heime. Dei er alle individ med rettar og pliktar på linje med dei som brukar stemmeretten sin. Rapporten frå Opinion viser at det var 407 personar som hadde stemmerett i Eidsdal og Norddal. Av desse var det 315 som stemte, altså ein frammøteprosent på 77. Av desse var det 179 personar (44 %) som ville til Stranda. Ved å summere opp dei som ikkje ville til Stranda (82), dei som svarte veit ikkje (54) og dei som ikkje stemte (92), kjem ein fram til talet 228. Det utgjer 56 % av alle som hadde stemmerett. Det var m.a.o. 49 fleire som ikkje sa dei ville til Stranda enn som sa dei ville. Den same logikken gjeld for prosenttal av innbyggjarar. Dette er faktum og realitetar herr ordførar, og ikkje kreativ leik med tal!

Så til redaktøren i avisa Sunnmøringen. Det vert på leiarplass rett ut sagt at «.. Norddal utviser ingen respekt for Stranda kommune». Det vert vidare sagt at «vi er ufine» og at vi nok ein gong «kastar blår i auga på Stranda». Dette er sjeldan kraftig kost – sjølv frå det «frie ord»! Viss det er korrekt det som er sitert i avisa vedkomande forhandlingar om kjøp av skuleplassar i Valldal for elevar frå Liabygda, må ein undre seg over kva slags sakspapir formannskapet har hatt til handsaming. I Norddal kostar ein skuleplass 156 tusen kroner pr. elev og år. I Stordal er prisen 113 tusen. I Stranda er tilsvarande pris 129 tusen. Etter avslutta forhandlingar ligg tilbodet frå Fjord på 100 tusen kroner. Avisa Sunnmøringen kallar dette tilbodet for «ufint». Eg vil heller kalle det billegsal når du betaler for 1 og går ut av butikken med 1,5!

Arne Sandnes

Ordførar i Norddal kommune