Svar frå redaktøren

Kommentar til Arne Sandnes

Redaktør i Sunnmøringen: Renate Furre Henriksen-Sandvær.  Foto: Maria Kristine Henriksen-Sandvær

Meiningar

Redaktøren i Sunnmøringen vil minne Norddalsordførar Arne Sandnes på at Norddal kommune sitt opphavelege tilbod til Stranda om kjøp av skuleplass for Liabygda-elevane var på 134.989 kroner per elev. Dette er 100 prosent av Kostrapris. Brevet frå Norddal kommune er datert 21. november 2017.

Det var dette tilbodet eg refererte til som "ufint" - noko eg framleis står for.

At ein onsdag førre veke reduserte prisen per elev til 100.000 kroner per elev, altså 80 prosent av Kostrapris, er gledeleg. Men det er framleis ikkje eit godt tilbod for Stranda.

Renate Furre Henriksen-Sandvær

Redaktør i Sunnmøringen


Lesarinnlegg frå ordføraren i Norddal kommune, Arne Sandnes (Sp):

"Verkeleg, Stranda?"