Debattinnlegg frå barneombod Anne Lindboe:

"Barn møter lukka dører"

Illustrasjonsfoto.  Foto: Colourbox.com

Anne Lindboe.  Foto: Sveinung Arnestad for Barneombodet

Meiningar

Noko er feil når regjeringa blar opp store summar til skulehelsetenesta, samtidig som berre ein prosent fleire barn og unge opplever at dei har betre tilgang på denne viktige tenesta.

I ei fersk undersøking Ipsos har gjennomført for Barneombodet, svarer berre 40 prosent av barn og ungdom i alderen 8-19 år at dei har ei helsesøster på skulen som dei kan stikke innom viss dei treng det. I 2014 var det tilsvarande talet 39 prosent.

Eit prosentpoeng auke i tilgangen til skulehelsetenesta er svært lite, særleg med tanke på at regjeringa sidan 2014 har auka bevillingane til denne tenesta med 600 millionar kroner. Men vi ser at midlane har gitt berre 386,8 nye helsesøsterstillingar i heile landet. Dette er under ei stilling per kommune. Resten av pengane har kommunane brukt til å tette andre hol i kommunebudsjettet. Dette er ikkje greitt. Skulehelsetenesta er eit av dei viktigaste lågterskeltilboda vi har.

Barn og unge som slit, får dermed ikkje hjelp. Dei etterlyser ei tilgjengeleg skulehelseteneste med kompetanse på psykisk helse og tema som til dømes vald og overgrep. 

«Det hadde vore tryggare om ho hadde vore der kvar dag. Då kan du snakke med ho ved behov», seier ein av ungdommane vi har snakka med.

Barneombodet har i fleire år bedt om at pengane til skulehelsetenesta må øyremerkast. Regjeringa har valt å ikkje lytte. Kampen om kroner og øre i kommunane er hard. Midlar til førebyggjande tiltak er lett å prioritere vekk, men sluttkostnadane kan bli store når barna ikkje får den hjelp dei treng.

Kommunepolitikarar må tenke nytt og annleis. Ei god skulehelseteneste vil gi barn og unge i kommunen betre helse. Det er den viktigaste investeringa i dei framtidige ressursane i kommunen.   Støtt opp om barn og unge, og etterlys satsinga på skulehelsetenesta i din kommune.

Anne Lindboe

Barneombod