Lesarinnlegg frå Eva Hove (Ap):

40 år med likestillingslov

Eva Hove (Ap) er ordførar i Stordal og leiar av kvinnenettverket i Møre og Romsdal Arbeidarparti.   Foto: Bjørn Arild Hatlem

Meiningar

9. juni 2018 er det 40 år sidan Stortinget vedtok den første Likestillingslova. Etter påtrykk frå kvinnerørsla vart likestilling mellom menn og kvinner i løpet av 1970-åra forsøkt sikra både gjennom haldningsendring og ikkje minst gjennom lovverket. Viktige fokusområde var politisk deltaking, tilgang til utdanning, økonomisk likestilling og lik arbeidsdeling og deltaking i omsorgsarbeid. Likestillingslova slo fast at det ikkje er tillate å diskriminere på grunnlag av kjønn. Lova skulle fremje likestilling mellom kjønna og særleg betre kvinnene si stilling i samfunnsliv, heim og arbeidsliv. Lova sette ein ny standard.