Kronikk

"Ta barn og unge med i planlegginga"

Det er mange som skal høyrast i plansaker, og det er mykje som skal takast omsyn til.

Prosjekt Når ein kommune som driv med store og viktige planprosessar seier at ungdomsrådet og barnerepresentanten er informert, og at det har kome inn uformelle og ustrukturerte innspel frå barn og unge, driv ein ikkje med reell medverknad, men med kvasimedverknad. 

Meiningar

Barn og unge er dei som har nærast kunnskap om behova i si eiga målgruppe, og dei har mange tankar og idear om korleis nærmiljøet skal vere. For at dei folkevalde skal kunne ta gode avgjerder for å skape framtidsretta lokalsamfunn, må barn og unge høyrast .

Kommunane har ansvar

I Noreg har kommunane ansvaret for den planlegginga som er nærast barn og unge, deira nærmiljø og lokalsamfunn. Dei seinare åra har lovverket blitt styrka og inneheld no føringar og krav om korleis ein skal ivareta medverknad frå barn og unge i planlegginga. Gjennom å medverke i planprosessar skal barn og unge få fremma sine synspunkt og bli gitt anledning til å delta. Praksisen ute i kommunane er likevel veldig ulik og mange kommunar har låg grad av medverknad frå barn og unge i si planlegging. Her må kommunane få auga opp for kva dei går glipp av.

Reell medverknad eller berre kvasimedverknad?

Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av at ein gjennomfører ein reell medverknad med barn og unge i kommunane. Dette handlar om korleis barn og unge blir involverte og i kva grad dei får moglegheit til å påverke.

Grad av medverknad kan illustrerast med ei trapp. På toppen av trappa gjennomfører ein reell medverknad, mens ein på botnen gjer det som kan kallast kvasimedverknad. Dei nedste trinna, innsyn og informasjon, viser til prosessar der barn og unge knapt blir involverte. Dette kan vere einvegskommunikasjon frå kommunen, for eksempel i form av ein annonse i avisa. Dei midtre trinna i trappa, høyring, dialog og deltaking beskriv situasjonar der barn og unge blir inviterte inn, men der grad av involvering og moglegheiter til å påverke varierer. Det kan vere problematisk når ein kommune inviterer barn, unge og vaksne til same folkemøte, med eit språk og ei ramme som ikkje er spesielt tilrettelagt for barn og unge. Det må takast omsyn til både alder og modning viss alle skal få dei same moglegheitene til å medverke.  Dei to øvste trinna, medråderett og sjølvstyring, inneber situasjonar der dei unge sjølve sit i førarsetet og dei vaksne er støttespelarar. Her er det snakk om stor grad av medverknad og involvering.

Tidspunkt for involvering

Reell medverknad frå barn og unge skal skje høgt oppe i trappa, der ein tek i bruk metodar som er tilpassa målgruppa og brukar deira synspunkt i planlegginga vidare. Tidspunktet for når dei blir involverte har også betyding. Det er stor forskjell på om barn og unge bli involverte på idéstadiet av ein planprosess, med verkstader og idédugnader, i motsetnad til å bli involverte når planen ligg ferdig ute til høyring. Eller enda verre, når dei berre blir informerte om avgjersler som allereie er vedtekne.

Når ein kommune som driv med store og viktige planprosessar seier at ungdomsrådet og barnerepresentanten er informert, og at det har kome inn uformelle og ustrukturerte innspel frå barn og unge, driv ein ikkje med reell medverknad, men med kvasimedverknad.


Barn og unge – ein ressurs

Barn og unge er ein ressurs for kommunane i planlegging fordi det berre er barn og unge som veit akkurat korleis det er å vere dei. I Møre og Romsdal er nærare 24 prosent av innbyggarane i alderen 0 til 19 år (Fylkesstatistikk 2017). Barn og unge er ei stor og viktig brukargruppe for kommunane, og bør brukast som den ressursen dei er.

35 av 36 kommunar i Møre og Romsdal har eit ungdomsråd/barn- og unges kommunestyre som kan nyttast. Dette skal ikkje berre vere ein plass kor ein sender ferdige saker for å informere, men ein stad der ein kan drive med reell medverknad. For yngre barn må medverknad skje på andre arenaer. Det må takast omsyn til alder og modning, men deira stemmer skal òg bli høyrde. Reell medverknad inneber at det må presenterast på ein måte som barn og unge forstår, og dei må få kome med innspel og vere ein del av prosessane på eit tidleg tidspunkt.

Mistar kunnskap

Å utforme store prosjekt kor barn og unge, framtida i kommunane, ikkje får medverke og delta i planleggingsfasen, vil gjere at kommunane mistar mykje kunnskap. Ved å samarbeide med denne gruppa vil kommunane få informasjon om kva som skal til for at eit område, ein plass eller eit tilbod også skal bli brukt av barn og unge. Når barn og unge har fått vere med å påverke vil det òg gjere at dei får meir eigarskap til, og stolheit over heimplassen sin og nærmiljøet sitt.

Berre barn og unge er ekspertar på å vere barn og unge. Gjennom medverknad i planlegginga kan barn og unge vere med å legge grunnlaget for eit framtidsretta lokalsamfunn kor dei sjølv trivst og ønsker å busette seg.