Leiar

Vi forventer reinhårig argumentasjon om Solbakken

Solbakken. ARKIVFOTO  Foto: Johan Behrentz

Vi forventar reinhårig argumentasjon.

Meiningar

I kommunestyremøtet som gjekk føre seg på onsdag førre veke, fall det ein uttale som ikkje kan stå uimotsagt. Når kommunestyret ikkje reagerer, får Sunnmøringen gjere det.

«Det skjer ikkje noko med Solbakken», vart det ytra frå kommunestyret sin talarstol. Uttalen kom i samband med diskusjonen rundt differensiering av takstane for betaling av helse- og omsorgstenester i Stranda. Uttalen kom frå eit medlem av Framstegspartiet, ei påstand som òg gruppeleiaren av same parti framsette med ein noko anna ordlyd i eit lesarinnlegg i førre utgåve av Sunnmøringen.