Kommentar frå redaktøren i Sunnmøringen

Nok er nok, Frank Sve

Stranda kommunestyre. Debatt om kommunesamanslåing  Foto: Johan Behrentz

Meiningar

I løpet av knappe tre veker har du fleire gonger hengt ut meg og avisa på Facebook. Du har tillagt meg meiningar eg aldri sjølv har gitt uttrykk for, du har kome med trugslar - og brukt eit ope formannskapsmøte til å argumentere for å fjerne næringsgrunnlaget for avisa.

Å gå bak ryggen på folk er ei øving eg har sett frå fleire her i Stranda - men eg føretrekk framleis ein telefon. Sjølv om eg ikkje skal underslå underhaldningsverdien i dette.

At du er arg fordi vi avkledde argumentasjonen rundt Solbakken, det kan eg godt forstå. For i saka om Solbakken har faktisk rådmannen i Stranda kommune både gjort jobben sin, og gjort jobben sin i tråd med det som var bestillinga frå kommunestyret.

Du sit sjølv i kommunestyret, og burde vite dette Frank Sve.

Sunnmøringen kjem til å sponse formannskapet med mat frå storkjøkkenet på omsorgssenteret. Vi ønsker å få vite kva politikarane i Stranda meiner om den maten dei så villige uttaler seg om, og bevilgar pengar til. Det er interessant for Sunnmøringen, ikkje at Sylvi Listhaug uttaler seg i saka. Det er ikkje Listhaug som bestemmer i Stranda. Det er det du som gjer, Frank Sve - saman med 24 andre i kommunestyret.

At du finn det vanskeleg at Sunnmøringen påpeiker det faktum, det er ein heilt annan sak. Dei andre representantane i formannskapet er sunnmøringar nok til å gle seg over gratis mat.

Eg har sjølv ete maten på omsorgssenteret. Formannskapet har lite å frykte i så måte, anna enn å moglegvis måtte innrømme at maten er god.

Eg trur ikkje sinnet mot Sunnmøringen varer så lenge - kanskje berre fram til neste gong avisa er usamde med Senterpartiet. I saka om Liabygda skule, til dømes.

Det merkelege her er jo at ingen i korkje kommunestyret eller i formannskapet protesterer mot at det kjem usanningar i offentlege møter, eller at eit medlem av formannskapet går til angrep på ei privat næringsverksemd i den påstått «næringsvennlege» kommunen Stranda.

Å orientere redaktøren om at avisdrift no har blitt ein formannskapssak i eit møte Sunnmøringen var forhindra frå å møte på, det sat i tillegg langt inne for fleire.

For å bruke dine eigne ord mot deg, Sve: Dette er greinalaust.

Det bør vere allment kjent at Sunnmøringen både bidreg til lag og organisasjonar i Stranda, til handelsverksemdene - og til at Stranda kommune får skatteinntekter.

I alle andre høve blir næringslivet hylla, ikkje minst av deg Sve - men her skal du altså rive vekk næringsgrunnlaget for lokalavisa fordi du ikkje liker kva Sunnmøringen skriv.

Det likner regimer vi ikkje ønsker å samanlikne oss med, og det i Noreg der vi har grunnlovsfesta pressefridomen. Paragraf 100, om nokon skulle lure.

Om du ønsker ei avis der du er samd i eitt og alt, Frank Sve - så foreslår eg at du starter ei konkurrerande avis. Næringsfondet i Stranda gir sannsynlegvis støtte til dette, dei har gitt liknande støtte før.

Så overlater du ordinær avisdrift til meg, som er kvalifisert til det.

Du imponerer ingen med denne tafatte bølletaktikken, og slett ikkje meg.

God jòl!

Sunnmøringen presiserer at Frank Sve i tråd med Ver varsam-plakaten sitt punkt 4.15 har fått høve til tilsvar til denne kommentaren. Han har ikkje svart, og då fell tilsvarsretten vekk.

Ver varsam-plakaten er å finne her: VVP

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meiningar