Leiar om hotellplanane i Sunnylven

Jatakk, begge delar

Hellesylt sentrum Arkivfoto: Svein Lunde  Foto: Svein Lunde

At Sunnylven treng eit hotell, er heva over all tvil.

Meiningar

Før helga kom nyhenda om at Flakk-gruppa ser etter ny hotelltomt i Sunnylven. Samtidig kom nyhenda om at ein vil pusse opp Grand hotell.

Stadige evakueringar av området ved Mannen i Romsdal gjorde at planane om hotelldrift på kaia i Hellesylt vart skrapa. Evakueringstrugselen som òg ligg i Hellesylt er ingen måte å sikre stabil hotelldrift på, det kan vi vere samde med Flakk i.

Det er mange argument som taler for at hotellet kan byggast på Tryggestad/Langeland.

Om noko skal skje på den tomta i vår levetid, er det ei alt for stor oppgåve for Stranda kommune. Det har eit samla kommunestyre erkjent.

Tomta ligg samtidig trygt frå evakueringssona, og ligg godt til både for å kome seg til Bergen og til Oslo. Samtidig er tomta rett ved fylkesvegen, med Langedalselva rennande forbi. Betre inngang til eit naturbasert reiselivsprodukt kan ein knapt finne.

At Sunnylven treng eit hotell, er heva over all tvil.

Og det er ingen rasjonelle argument som taler for at Sunnylven ikkje kan bli ei reiselivsperle tilsvarande Geiranger. Sunnylven har i den seinare tid knytt seg endå sterkare til Ibsen, ikkje minst gjennom utviklinga av appen Ibsen@hellesyltUB.

Det er eit klokt grep – ei oppussing av Grand kan utvikle dette konseptet ytterlegare.

Sunnmøringen har gitt spalteplass både til forkjemparar for hotellbygging, og til forkjemparar av Grand hotell.

Det er ei lokalavis si oppgåve å gi rom for ulike meiningar, og debatt om utviklinga av bygdelaga i Stranda kommune er ein debatt som høyrer heime i Sunnmøringen sine spaltar.

I diskusjonen rundt hotellplanane til Flakk, har vi gjentatte gonger opplevd at elles rasjonelle og fornuftige menneske i fullt alvor har prøvd å kvele debatten. Anten fordi ein ikkje er sunnylving, eller fordi ein stiller spørsmål ved prosjektet.

Slik skal det ikkje vere, og det taler ikkje Sunnylven til ære.

På syttitalet eksisterte ein tilsvarande situasjon i Mosjøen.

Den gongen ivra ein for å rive trehusbebyggelsen i Sjøgata, for å gi rom til sytti parkeringsplassar. Argumentet var at det ville utvikle Mosjøen som eit handelssentrum.

Forkjemparar for å bevare Sjøgata vann fram, og i dag er Sjøgata ei turistperle av dimensjonar – og ei av dei best bevarte trehusbebyggelsane i hele Noreg.

Det konservative credoet «forandre for å bevare» er verdt å hugse på i diskusjonen rundt hotellplanane til Flakk.

Sunnylven er ei perle, men ein treng ikkje kvitte seg med historia for å få utvikling av bygda. Det er mogleg å få utvikling samtidig som ein bevarer.

Vi ønsker planane til Flakk velkommen og voner vi innan fem år ser eit Sunnylven som utnyttar det fulle potensialet bygda har som reiselivsdestinasjon med hovudvekt på naturbasert reiseliv.

Og vi tek meir enn gjerne ein tur innom eit aktivitetshus på Grand.