Kronikk om cruiseturisme

Kva gjer fylkeskommunane for å utvikle berekraftig cruiseturisme?

arkivfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Meiningar

Cruisetrafikken har auka kraftig dei siste åra. I 2000 var om 200 000 cruiseturistar innom norske hamner. I fjor var dette talet oppe i 789 000, altså nesten ei firedobling på under tjue år. Og fleire skal det bli. Transportøkonomisk institutt anslår ein årleg vekst på 2,5 prosent i periode 2018 – 2028, og 1,5 prosent årleg vekst i perioden 2028 – 2060. Dette vil bety 1,6 millionar cruiseturistar og 2600 anløp i norske cruisehamner i 2060 .