Lesarinnlegg frå Høgre

Ei brukarvennleg Autopassordning må på plass

Sykkylvsfjord, ferje Stranda-Liabygda.  Foto: Arkiv

Meiningar



I Høgre er vi opptekne av nye idear, nye ordningar til det beste for folk flest. Dette i ei tid der den teknologiske utviklinga går raskare enn nokon gong. Moderne løysingar som gjer kvardagen enklare for folk flest, næringsliv og frivillige organisasjonar er eit viktig fokus for oss.

Intensjonen med innføringa av Autopass-korta og brikkene var sjølvsagt god, men resultatet slik det i dag er blitt er dessverre blitt ein skikkeleg skivebom.
Ei tungvint og dårleg ordning for næringslivet, eit næringsliv som treng forenkla løysingar og ikkje forverra rammevilkår.
Ei elendig ordning for frivillege organisasjonar, som gjer det tungvint å administrere frivilleg sektor.
Direktoratet og leverandør av systemet må få fortgang på å finne løysingar som er moderne, framtidsretta og som gjer kvardagen enklare for folk og næringsliv i ferjefylket Møre og Romsdal. Dette må skje raskt og ikkje gjennom langvarege prosessar og løysingar som ligg langt fram i tid.