Lesarinnlegg om friluftsliv

Kva om barn hadde stemmerett?

illustrasjonsfoto: colourbox  Foto: Photographer:SerrNovik (Sergey N

Meiningar

Om barn hadde stemmerett, kva for parti ville dei stemt på?

Truleg ville partia som prioriterer areal og ressursar til fysisk aktivitet og leik ute, kome høgt på lista. Flat og grå asfalt inspirerer i liten grad til leik og utforsking. Men det gjer naturen.

Kommune- og fylkestingsvalet står for døra. Men så langt i valkampen har det vore lite snakk om friluftsliv. Dette trass i at ni av ti nordmenn går tur, og tre av fire badar utandørs iflg. levekårsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå.

Friluftsliv er ein viktig del av kulturen og identiteten vår. Kombinasjonen av fysisk aktivitet, naturopplevingar, stillheit og ro gjer godt for kropp og sjel, og er viktig både for den fysiske og psykiske helsa. Det får friluftsrådet og skjergardstenesta stadig stadfesta gjennom tallause positive tilbakemeldingar på arbeidet vårt, som Stikk UT!, friluftsskulane, kajakkursa, Leikepatruljen, tilrettelegginga i friluftsområda, utlånet av utstyr til skular, barnehagar, lag og foreiningar mm. Verdien av friluftsliv og gode naturopplevingar varer livet ut for den enkelte, men også helsegevinsten for samfunnet er betydeleg.

Men korleis tek politikarane omsyn til friluftslivet når dei harde realitetane melder seg? Kva blir resultatet når utbyggingsinteresser kjem i konflikt med friluftsområda? Korleis blir friluftslivet prioritert i budsjettforhandlingane? Barna, og vi andre, treng parti og politikarar som forstår verdien av fysisk aktivitet og friluftsliv, som tør å prioritere dette i den politiske kvardagen med sterke interesser og økonomisk press. Skal tru om barna er fornøgde med prioriteringane?

I vår region er det mellom anna behov for:

- At barn i barnehagane får leike i skog og mark systematisk og ofte. Det same gjeld skulebarn, og at undervisninga blir flytta ut i skulegarden og naturen gjennom heile året. Naturen kan brukast som klasserom i alle fag!

- At det blir lagt langt betre til rette for leik og fysisk aktivitet i barnehagane, i skulane, i parkar og på leikeplassar. Dei grøne lungene og snarvegane må ikkje byggast ned! Det trengs badeplassar, akebakkar, steinar og tre til klatring, grassletter til ballspel, sykkelvegar og mykje meir. Mange stader er det trist å sjå kor stusseleg tilbodet til barna er. Og kva skjer i din kommune når det gjeld satsing på trygge og grøne skulevegar?

- At vi kjem i gang med planar for samanhengande stiar og turruter. Det må skiltast og merkast frå sentrum til parkar og utmark. Nasjonalt er arbeidet med samanhengande turruter godt i gang, men korleis står det til i våre kommunar? Kva for parti er samde i at det må utarbeidast planar og tiltak for ferdselsårene til friluftslivet i våre kommunar?

- At det blir løyvd midlar til friluftsliv og tilrettelegging for fysisk aktivitet. Vi har ei rad uløyste oppgåver, likevel er vårt fylke mellom dei som løyver minst til friluftsliv. Kva for parti vil styrke friluftslivsbudsjettet til fylkeskommunen?

- At det ikkje blir gitt dispensasjonar til bygging innanfor 100-meters beltet i strandsona. Og at kommunane samarbeider om etablering av «marka-grenser» i viktige store friluftslivsområde.

Dei fleste av oss som er vaksne i dag veit korleis det var å kunne leike fritt ute i skog og mark. Likevel taper friluftslivet oftast når politikarane må prioritere. Eg trur at partia og politikarane hadde satsa langt meir på tilrettelegging for friluftsliv dersom barn hadde hatt stemmerett.

Tilrettelegging og innsats for utandørs aktivitet og friluftsliv er viktig for folkehelsa, livskvalitet og identitet. Det gir også grunnlag for naturbasert reiseliv. Vi utfordrar derfor partia til å flagge kvar dei står i friluftslivspolitikken. Kva for parti er det beste friluftslivpartiet?          

Vi ønskjer alle med stemmerett eit godt val – husk at de også må stemme for barna!